Hopp til hovedinnhold

Skoleskyss skoleåret 2022/23

Elevar som har skolekort må ta vare på dette gjennom sommarferien.

Vi vil informere elevane om at dersom dei treng skoleskyss neste skoleår, må dei ta godt vare på kortet sitt gjennom sommarferien.

Skolekorta fungerer som visningskort.

Skolekorta fungerer som eit visningskort, og elevane må ta det fram ved ev. billettkontroll der reisestrekning og skoleår blir kontrollert.

Behandlingstid i August

Frå og med 1. august får alle nye søknader og endringar i eksisterande søknader, inntil 14 dagars behandlingstid grunna oppstart av nytt skoleår og høg saksmengde.

Nettside for skoleskyss

På www.skyss.no/skoleskyss finn de mykje god informasjon om skoleskyss. Her finn de mellom anna link og brukarrettleiar til Skyss Elev, reglement/skjema og anna nyttig informasjon