Frå 1. august 2026 vil Os gymnas og Os vidaregåande skule vera slått saman til ein skule. Namnet på den samanslåtte skulen er Os vidaregåande skule, og elevane vil vera fordelte på det som i dag er Os vidaregåande skule og Os gymnas sine bygg.
Dette betyr at elevar som i dag går på Os gymnas, vil bli elevar ved Os vidaregåande skule frå neste skuleår, men dei vil framleis gå på utdanningsprogram for studiespesialisering og vil vera plasserte på det som i dag er Os gymnas.
Inneverande skuleår er det også nokre klassar frå Os vgs som er plasserte på Os gymnas. Det er ikkje bestemt kva andre utdanningsprogram som skal vera på Os gymnas i tillegg til studiespesialisering neste skuleår.
Elevar som ønskjer å søkja skuleplass på studiespesialisering frå hausten 2026, må altså søkja seg inn på Os vidaregåande skule i VIGO. Det gjer dei her: vigo.no
Spørsmål kring dette kan stillast til:
- Os gymnas på telefon 915 49 908 eller e-post: post.osg@vlfk.no
- Os vidaregåande skule på telefon 56 56 56 00 eller e-post: post.osv@vlfk.no
Det er Anne Merete Mærli Hellebø som blir rektor ved "nye Os vgs".
Informasjon om utdanningstilboda våre
Den samanslåtte skulen kjem til å ha omlag 680 elevplassar og tilby studiespesialiserande utdanningsprogram i tillegg til fem utdanningsprogram innanfor yrkesfag.
Me er no i gang med å leggja ut informasjon om alle utdanningsprogram som den samanslåtte skulen tilbyr, på nettsidene til Os vidaregåande skule.
I ein overgangsperiode vil ein kunna finna all informasjon som gjeld utdanningsprogram for studiespesialisering på Os gymnas sine nettsider.
