Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar:

Helsesjukepleiar på Os vidaregåande skule heiter Janniche Kvant Rogde. Ho er til stades kvar måndag, tysdag, onsdag og fredag. Om du vil snakke med ho, kan du ta kontakt i resepsjonen eller ta kontakt via:

 

Skulehelsetenesta driv ikkje behandling, men gir råd og rettleiing. Er det behov kan vi hjelpe deg vidare i systemet.

Aktuelle tema kan vere:

  • Alkohol, tobakk, stoff
  • Du er trist eller lei
  • Spørsmål som gjeld helsa di
  • Soveproblem
  • Seksualitet og prevensjon
  • Kosthald

Helsesjukepleiar samarbeidar med elevens samtykke, med foreldre / føresette, lærarar, rådgjevarar, lege, psykolog, fysioterapeut, barnevern, PPT osv.

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som elev og som du kan oppsøke når du treng det. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.

Kontoret til helsesjukepleiar finn du i 2 etasje, ved resepsjonen. Du kan komme innom og sjå om det helsesjukepleiar er ledig.

 

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt. Blant anna:

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

 

Lege eller psykolog?

Helsesjukepleiar samarbeidar også med lege og psykolog, og kan skaffa deg time der.

 

 

Helsestasjon for ungdom:

Helsestasjon for ungdom i Os er i same bygg som Ung Arena, det store bygget nedanfor Os ungdomsskule.
Helsestasjonen er open måndagar og onsdagar mellom kl. 14.30 og kl. 16.30. Det er ikkje timebestilling, og tilbodet er gratis.

I tillegg til helsesjukepleiar er lege til stades om onsdagen.
Du kan mellom anna få hjelp med prevensjon, testing av kjønnssjukdomar og spørsmål knytta til fysisk og psykisk helse.

Vi oppfordrar alle elevar som bur på hybel i Os om å få seg fastlege i Os.