Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Bilete av elevar i undervisningsamanheng.

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor helse- og oppvekstfag?

Dette er inngangsporten til mange spanande jobbar i helse- og sosialsektoren! Det gir deg fleire meiningsfylte yrker å velje mellom. 

Når du har fullført vg1 kan du velje mellom heile sju forskjellige linjer.

Vi tilbyr:

  • Vg1 helse- og oppvekstfag: tre klassar med 15 elevar i kvar klasse
  • Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag: ein klasse med 15 elevar
  • Vg2 helsearbeidarfag: ein klasse med 15 elevar
  • Vg2 ambulansefag: ein klasse med 15 elevar

 

Søk skuleplass på vigo.no

 

Første skuleåret

Vg1 helse- og oppvekstfag

Opplæringa skal gjere elevane skikka til å yte god service og skal gi eit grunnlag for arbeid med menneske i alle livssituasjonar.

Opplæringa skal vere praksisnær og tverrfaglig og knyte teori og praksis saman.

Andre skuleåret

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag

Likar du å arbeide med barn?  Ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar!

På barne- og ungdomsarbeidar lærer du å arbeide med barn og ungdom i  f.eks. SFO, barnehage, skule, ungdomsklubbar. Her lærer du mellom anna om helsefremjande arbeid og korleis du kan kommunisera med ungdom på ein god måte.

Opptakskrav: vg1 Helse- og oppvekstfag

Vg2 helsearbeidarfag

Helsefagarbeidaren må like å jobbe med menneske i ulike situasjonar. Arbeidet krev gode kunnskapar om førebygging, behandling, pleie og etikk. Kommunikasjon og samhandling med pasientar, klientar, pårørande og kollega er ein føresetnad for å kunne fungere i yrket.

På helsefagarbeidar jobbar vi ein god del praktisk. Vi har ulike prosjekt, individuelt arbeid, praktiske opplegg i klassen og nokre ekskursjonar. I tillegg blir elevane utplassert i praksis i periodar.

Opptakskrav: vg1 helse- og oppvekstfag.

Vg2 ambulansefag

Ambulansepersonell er ofte pasienten sitt første møte med helsevesenet i ein skadesituasjon. Gjennom denne utdanninga blir du ein del av helsevesenet si akuttmedisinske beredskap og må kunne ta hand om alvorleg sjuke og skadde pasientar. Ambulansepersonell arbeider ofte sjølvstendig og må fatte raske slutningar. Kvardagen er ofte samansett av dramatikk, rutineoppdrag og krav til omsorg og samarbeidsevne.

Det vert lagt opp til bruk av skulen si ambulanse, kurs for andre elevar og utplassering i praksis.

Opptakskrav: vg1 helse- og oppvekstfag.

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du finn ei oversikt over godkjende lærebedriftar, opplæringskontor og medlemsbedrifter på vibli.no.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.