Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt opplæring

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Kvifor velje Os Vidaregåande skule?

Os vidaregåande skule har utvikla fleire gode tilrettelagte opplegg, og har høy kompetanse i opplæringa av dei ulike tilrettelagte klassane. Skulen har gjennom dei siste åra vært gjennom ei grundig rehabilitering, og har derfor ei god universell utforming tilpassa dei fleste behov. Tilrettelagt avdeling tilbyr opplæring på tre ulike nivå:

  • Yrkesfagleg grunnutdanning
  • Arbeidstrening
  • Kvardagslivstrening 

Tilboda er knytt opp mot desse utdanningsprogramma:

  • Helse- og oppvekst.
  • Teknologi og industrifag
  • Bygg og anleggsteknikk
  • Service og samferdsel

Vi tilbyr:

Os vidaregåande skule gir opplæring i tilrettelagte grupper. Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde elev. I gruppe for arbeidstrening er utdanningstilboda praktisk og arbeidsretta, og vi legg vekt på å utvikle yrkesfagleg kompetanse slik at eleven er førebudd på eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.

  • Os vgs legg til rette for at elevane skal utvide sitt sosiale nettverk og utvikle sin sosial handlingskompetanse.
  • I gruppe for kvardagslivstrening har Os vgs fokus på at elevane skal få grunnleggande kunnskap og trening i kvardagslivsaktivitetar.
  • Elevane får tett oppfølging av kompetente lærarar og miljøarbeidarar.
  • Os vgs samarbeider med ei rekke lokale bedrifter og verksemder, og arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass blir vurdert etter behov og nytte.
  • I alle klassane med redusert elevtal legger Os vgs vekt på kvardagslivstrening, sosial trening og oppøving mot større sjølvstende.