Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bøker på biblioteket

Skulebiblioteket:

Biblioteket vårt ligg i første etasje like ved kantina. Som moderne bibliotek fyller det mange fleire funksjonar enn utlån av bøker. Her finn du ein stille plass å jobba, eller ein roleg plass å vera i friminutta. Du finn sjølvsagt også ymse tidsskrifter, fagblad og bøker.

Vi har sittegrupper til gruppearbeid.

Har du nokre fag du slit litt ekstra med kan du i samråd med faglærar søkje deg inn på Studieverkstaden vår. Der vil du få hjelp i det eller dei faga du har problem med, tilpassa ditt behov. 

Treng du hjelp til lekser, oppgåver eller kjeldekritikk kan du òg spør bibliotekaren om hjelp. 

Opningstider

Alle dagar frå 08:00 til 15:30

Lånekontrakt

Her kan du lese lånekontrakten

Alle som skal låne lærebøker og anna materiale på skulane i Vestland, må signere elektronisk lånekontrakt via ID-porten. Eleven må vise fram bekreftelse på signering til bibliotekaren før utlån av lærebøker.

Signering: Lånekontrakt for elevar i vidaregåande opplæring

Ved skulestart vil bibliotekaren sørge for at elevene får utlevert bøkene de treng. Kvar bok har ei unik strekkode, og eleven må levere att den same boka ved skuleårets slutt. Eleven skal skrive namn, klasse og skuleår på innsida av boka (eventuelt på merkelappen utanpå de bøkene som har det). Viss du har gløymt boka di heime kan du låna ei ny på biblioteket.

Alle bøkene skal leverast attende til skulebiblioteket ved slutten av skuleåret. Lån over sommarferien må avtalast spesielt med bibliotekar ved skulen. Siste frist for å levere tilbake bøkene er skulens siste offisielle skuledag. Det er ikkje mulig å returnere bøker etter fristen. Skulen vil sende krav om erstatning til eleven eller føresette, med 30 dagars betalingsfrist. Dersom kravet ikkje innfriast, vil det bli sendt til inkasso.

Bibliotekar

Vår bibliotikar Elisabeth er for tida ute i permisjon. Dersom du har lyst å låne bøker kan du ta dei med opp i resepsjonen så vil dei som jobbar på kontoret hjelpe deg.

Elisabeth Irgens Casén Pihl

spesialbibliotekar (i permisjon)
Bilete av Elisabeth Irgens Casén Pihl

 

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskina, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

  • Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
  • Du må ha ein brukar for å logge inn. Dersom du er elev, kan du logg inn med Feide-brukaren din.
  • Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.