Os vgs arrangerar kurs som er nødvendige innan transport- og anleggsbransjen. Du eller dine tilsette i di bedrift får utvida kompetanse og tilfredsstiller lovpålagte krav innan bransjen.
Os vgs tilbyd følgjande kurs:
Vg3 Yrkessjåfør gir gratis opplæring til førarkort i tunge klasser til lastebil, buss og vogntog. Kurstilbodet er ei landslinje. Det betyr at du kan søkje plass hos Os vgs uansett kvar i landet du bur. Os vgs gir gratis opplæring og du betaler kun for lærebøker og gebyrer. (ca. kr. 10.000.-)
Os vgs arrangerer ADK kurs til elevar og private. For å kunne arbeide i grøft og legge røyr, krev dei fleste kommunar i Noreg at minst ein person av arbeidarane i grøfta har ADK1 sertifikat.
Hensikta med opplæringa er å gje kommande truckførarar en god teoretisk grunnopplæring i sikker bruk av truckar. Opplæringa skal gje elevane god innsikt i riktig bruk av truck og truckens konstruksjon, verkemåte, stabilitet, vedlikehald og bruk, for å unngå uhell og ulykker i forbindelse med løfteoperasjonar.
Å auke både kunnskapen og de praktiske ferdigheitene hos brukarar slik at vi slepp ulykke og skader på menneske, maskinar og omgjevnadar på arbeidsplassen.
Hensikta med opplæringa er å gje kommande G8-Lastebilkranførere ei god teoretisk grunnopplæring i sikker bruk av lastebilkranar. Opplæringa skal gje elevane god innsikt i prinsippa for bruk av løftereiskap G11 og G8-Lastebilkranens konstruksjon, verkemåte, stabilitet, vedlikehald og bruk, slik at vi unngår uhell og ulykker i forbindelse med løfteoperasjonar.
Pass på at du eller di bedrift og dine tilsette tilfredsstille lovas føresegn og tryggingssforskrifter når det gjeld arbeid med anleggsmaskinar. Maskinopplæring dekkjer klassane M1-M2-M3-M4-M5-M6.
Neste kursdato for 2022 kjem.