Bygg- og anleggsteknikk

Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje bygg- og anleggsteknikk?

Er du ein av dei som likar å jobba praktisk og likar å bygga og skapa noko? Drøymer du om å bli snekrar, tømrar, anleggsmaskinførar, røyrleggar, malar eller murar? Vg1 bygg- og anleggteknikk gjer deg ei veldig brei grunnutdanning slik at du har fleire moglegheiter på vg2. 

Vi tilbyr:

  • Vg1 bygg- og anleggsteknikk: to klassar med 15 elevar i kvar klasse
  • Vg2 tømrar: ein klasse med 15 elevar
  • Vg2 anleggsteknikk, landslinje: fire klassar med 15 elevar i kvar klasse

 

Søk skuleplass på vigo.no

 

 

Første skuleåret 

Vg1 bygg- og anleggsteknikk

Har du praktisk sans, nøyaktighet og har godt handlag er bygg- og anleggsteknikk eit godt val. Hos oss får du være sjølvstendig og moglegheit til å arbeide i team, då mange bygge- og anleggsprosjekt har nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper.

Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det vert stilt strenge krav til kvalitet og tryggleik.

Andre skuleåret 

Vg2 tømrar

På vg2 tømrar får du større innsikt i dei byggtekniske faga.

Etter fullført byggteknikk kan du få lærlingplass innan betongfaget, murarfaget, stillasbyggarfaget eller tømrarfaget.

Opptakskrav: vg1 bygg- og anleggsteknikk. 

Vg2 anleggstekknikk – landslinje

Denne linja er ei landslinje og Os vgs har difor elevar frå heile landet. Linja gjer deg egna til å bli lærling som i anleggsmaskinførarfaget, asfaltfaget, banemontørfaget, brønn- og borefaget, fjell- og bergverksfaget, vei- og anleggsfaget, og veidrift- og veivedlikeholdsfaget. 

Opptakskrav: vg1 bygg- og anleggsteknikk eller vg1 teknologi og industrifag.

Illustrasjon4.jpg

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du finn ei oversikt over godkjende lærebedriftar, opplæringskontor og medlemsbedrifter på vibli.no.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.