Fråværsreglar - 2022

Sist oppdatert: 3/10/2022, kl 10:20.

 

Noko av fråværet skal ikkje førast

  • avtale med rådgjevar ved skulen
  • utredning med PPT/OT
  • organisert studiearbeid (sjølvstudie) som er avtalt med faglærer i forkant
  • elevrådsarbeid o.l. som er godkjent av skulen
  • avtalt samtale med rektor eller andre tilsette
  • intervju til læreplass

 

Noko av fråværet skal førast på vitnemål, men ikkje telle opp mot 10% regelen:

  • obligatorisk køyreopplæring til klasse B
  • helse- og velferdsgrunnar
  • arbeid som tillitsvald
  • politisk arbeid
  • hjelpearbeid
  • lovpålagt oppmøte
  • representasjon i arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå, f.eks. idrett eller kultur

Rektor bestemmer

Elevar med meir enn 10 % udokumentert fråvær, vil ikkje kunne få halvårsvurdering eller standpunkt i fag. Elevar med meir enn 10% udokumentert fråvær, men ikkje meir enn 15%, kan spørje rektor om dispensasjon for regelen ved å forklare årsaka til fråværet og rektor kan vurdere om elev har særlege grunnar til å likevel kunne få vurdering i fag. Slike grunnar kan være vanskelege heimeforhold, spesielle behov eller andre særlege grunnar.

Ferie/permisjon

Feriereiser i skuletid er udokumentert fråvær og vil bli talt opp på vitnemål / 10% regelen. Elevar kan søke avdelingsleiar for inntil 2 dagar sjølvstendig studiearbeid, kontaktlærar for 1 dag sjølvstendig studiearbeid og faglærar om enkelttimar med sjølvstendig studiearbeid.

Fråvær på vitnemål

Opp til 10 dagar fråvær grunna helse – og velferdsgrunnar, polititisk arbeid m.m kan tas bort frå vitnemål dersom elev kan dokumentere sitt fråvær etter desse grunnane. Elev må sjølv dokumentere desse dagane ved å ta vare på all dokumentasjon gjeld deira helse – og velferdsgrunnar. Elev søker om fråtrekk via VIS/elevsøknad.

Førarkort

Ved Os vgs legg vi til rette for at elevane skal kunne ta førarkort klasse B (ein sentral kompetanse innanfor ein rekke av våre programområder) og dei kan få sjølvstudie på dagar og timar kor dei skal ha kjøretimar. Dette må gjerast i god tid og det må passe med lærar sin plan for timane. Elevar kan ikkje nytte dei same timane kvar veke og har ei plikt til å møte på vurderingssituasjonar. Elevar har ikkje krav på sjølvstudia i følgje regelverket og køyretimar er ikkje dokumentert fråvær, men dei kan søke om sjølvstendig studiearbeid. Dei bør i stor grad også nytta tid i feriar og fridagar til timar.

Fravær som gjelder deler av den obligatoriske trafikkopplæringa til førarkort klasse B, kan unntas frå fråværsgrensen. Dette gjelder 4 timer obligatorisk tryggleikskurs på bane (trinn 3) og 9 timer av tryggleikskurs på veg (del 2 og 3 av trinn 4). Rimelig reisetid vil også omfattast av det dokumenterte fråværet

Kronisk sjukdom

Elevar med kronisk sjukdom må få ein attest frå legen (eller behandlaren) sin og levere denne inn til skulen så raskt som mogleg. Ein slik dokumentasjon er i utg. gyldig i tolv månadar.

Kronisk sjukdom kan vere både fysiske og psykiske plagar over lengre tid. Elever kan sjølv dokumentere fråværet sitt ved kronisk sjukdom og brukar skrifteleg eigenmelding. For elevar over 18 år held det at dei sender ein sms eller melding til lærar. Elevar under 18 år må få føresette til å dokumentere fråværet sitt.

Vanleg sjukdom

Vanleg sjukdom (influensa, feber, hovudverk, brekt fot m.m) kan berre dokumenterast av lege. Det er ikkje naudsynt for elev å dokumentere slikt fråvær før dei er nære grensa på 10% udokumentert fråvær. Det er ikkje lov å nytta sjølvstudium grunna sjukdom. Det strid mot det sentrale regelverket.

Varsel til elev og føresate

Elevar over 18 år eller føresette skal varslas skriftleg dersom ein elev står i fare for å ikkje få halvårsvurdering eller standpunkt i fag. Varsel skal sendast før elev har 10% udokumentert fråvær. Dersom elevar eller føresette ikkje blir varsla av faglærar, har elev rett på vurdering i fag trass i for høgt fråvær.

IV, standpunkt og privatistordning

Dersom ein elev har for høgt udokumentert fråvær i årstimar i eit fag og ikkje kan dokumentere desse timane innan ein rimeleg frist, vil ikkje eleven kunne få standpunkt i eit eller fleire fag (IV). Skulen må fatte eit vedtak om IV i fag grunna fråvær (så snarleg som moglig) og elev har 10 dagar klagefrist. Elev må så melde seg av fag for å melde seg som privatist. Frist for privatist er 1.februar og 15.september. Rektor kan gi elev lov til å følgje undervisning/hospitere, utan å kunne oppnå vurdering i fag, men elev vil då kunne få verdifull opplæring i fag før ein privatisteksamen.

 

Ta kontakt med skulen dersom dykk har spørsmål. Rådgjevar eller kontaktlærer kan hjelpe dykk ved behov.

 

Trykk her for å laste ned kopi.