Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Bilete av dreiebenk

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi og industrifag?

Med fagutdanning innan teknologi og industrifag kan du få ein god og solid arbeidsplass. Du får ei utdanning der du stadig kan tilpasse deg framtidas krav og utfordringar. Med slik utdanning har du også moglegheiter for å få arbeid i andre land.

Vi tilbyr:

  • Vg1 teknologi og industrifag: fire klassar med 15 elevar i kvar klasse
  • Vg2 kjøretøy: ein klasse med 15 elevar
  • Vg2 arbeidsmaskinar: ein klasse med 15 elevar
  • Vg2 transport og logistikk: to klassar med 15 elevar i kvar klasse
  • Vg3 anleggsmaskinmekanikar: ein klasse med 15 elevar

 

Søk skuleplass på vigo.no

 

 

Første skuleåret 

Vg1 teknologi og industrifag

Vg1 teknologi- og industrifag er eit samordna felles Vg1 programområde som gjev kompetanse for vidare opplæring i ei rekkje yrke.

Programområdet gir deg innføring i emne som data, teikning, elektro, hydraulikk, pneumatikk, demontering og montering, samanføying og bruk av verktøymaskinar. Gjennom skuleåret vil du òg delta i interessante prosjektarbeid.

 

Andre skuleåret 

Vg2 kjøretøy

Kurset omfattar motor, motorstyring, bilelektro, drivverk, bremser, understell, fjæring og hjulutrustning, karosseri, ramme og plastutrustning, bransjelære og kundebehandling.

Utviklinga innan bilbransjen har vore stor dei siste åra, både med omsyn til materialar og elektriske komponentar. Elektronikk blir i stadig større grad brukt som styringssystem for dei mekaniske komponentane. Å "mekke bil" er derfor ikkje det det ein gong var. Det vert stilt store krav til den enkelte eleven si innsikt både innan mekaniske fag og elektrofag.

Opptakskrav: vg1 teknologi- og industrifag, eller vg1 elektro og datateknologi.

 

Vg2 arbeidsmaskinar

Har du interesse for mekanikk, hydraulikk og elektronikk og ønsker å jobbe med store maskiner kan du starte utdanninga på Vg2 arbeidsmaskinar. Vidare kan du bli spesialisert som reparatør på enten landbruksmaskinar eller anleggsmaskinar.

Opptakskrav: vg1 teknologi- og industrifag, eller vg1 elektro og datateknologi.

Vg2 transport og logistikk

På Os vgs får du ei utdanning som opnar mange vegar innan transport og logistikk. Du får allsidig utdanning og brei kunnskap innan terminalarbeid, persontransport, godstransport, kundebehandling og allmennfag.

Du kan få kompetansebevis på ADR (transport av farleg gods) og truckførarbevis. I tillegg vil du få praktisk opplæring i godsbehandling på lager, førstehjelp og brannslukking, teorikurs klasse B. Du får kr. 10.000,- i støtte til obligatorisk opplæring for førarkortet i klasse B (mot kvittering frå kjøreskule). Skulen har 6 truckar som vert nytta i praksisundervisninga, eigen lagerhall og stort uteområde.

I prosjekt og fordjupning frå haustferien til vinterferien er du utplassert to dagar i ei relevant transport- og/eller logistikkbedrift. Utplasseringa gir deg eit nyttig innblikk i livet og gode erfaringar å ta med vidare både i skulearbeidet og seinare i arbeidslivet.

Opptakskrav: vg1 teknologi og industrifag

Tredje skuleåret

Vg3 anleggsmaskinmekanikar – landslinje

Som anleggsmaskinmekanikar blir du spesialisert på masseforflytningsmaskiner som nyttast på anlegg- og byggeplassar. Kvart år må anleggsmaskiner til kontroll og det er berre anleggsmaskinmekanikarar som får lov til å ta denne kontrollen.

På Os vgs får du opplæring i feilsøking og diagnose, reparasjon og vedlikehald og dokumentasjon og kvalitet.

Vg3 anleggsmaskinmekanikar er landslinje og derfor kan elevar frå heile landet søke på Os vgs. Det inneber i tillegg at elevane får jobbe med større og nyare maskinar.

Etter fullført vg3  må du gå eitt år i lære før du tek fagbrev som anleggsmaskinmekanikar. Dette er eit særs ettertrakta og allsidig fagbrev.

Opptakskrav: vg2 arbeidsmaskinar.

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du finn ei oversikt over godkjende lærebedriftar, opplæringskontor og medlemsbedrifter på vibli.no.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.