Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Bilete av elevar.

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Kva er påbygging til generell studiekompetanse?

Påbygging til generell studiekompetanse Vg3 er ein annan veg til studiekompetanse enn det tradisjonelle 3-årige løpet på studieførebuande. 

For å kunne begynne på påbygging til generell studiekompetanse, må du ha gjennomført vg1 og vg2 på yrkesfagleg studieretning.  Du velger sjølv om du vil ta fagbrev fyrst og deretter gå påbygging til generell studiekompetanse og få studiekompetanse.

Kvifor påbygging til generell studiekompetanse?

Når du har fullført påbygging til generell studiekompetanse kan du søkje høgskular, universitet eller yrkesutdanning med fagbrev. Næringslivet og det offentlege etterspør i stor grad ungdommar som både har praktisk og teoretisk utdanning og erfaring.

Påbyggklassane ved Os vgs. har av elevar som kjem frå mange ulike yrkesfaglege linjer, som t.d. byggfag, elektro, helsearbeidar og barne- og ungdomsarbeidar. 

Vi tilbyr:

Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse: to klassar med 28 elevar i kvar klasse.

Søk skuleplass på vigo.no