Elektro og datateknologi

Bilete av elevar og installasjonsvegg.

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje elektro og datateknologi?

Å studere elektro og datateknologi kan bli utgangspunktet for ei spennande og allsidig yrkeskarriere. Du kan begynne som handverkar, og dersom du har lyst på flere utfordringar kan du studere videre ved ein teknisk fagskule, ingeniørhøgskule eller universitet.

Dersom du er hardtarbeidande og har anlegg for matematikk og fysikk kan elektro og datateknologi vere noko for deg. 

Vi tilbyr:

  • Vg1 elektro og datateknologi. To klassar med 15 elevar i kvar klasse.
  • Vg2 elenergi og ekom. Ein klasse med 15 elevar.

 

Søk skuleplass på vigo.no

 

Første skuleåret 

Vg1 elektro og datateknologi

På vg1 elektro og datateknologi får du læra det grunnleggjande du treng å kunne for å gå vidare med elektrofag. Du vil læra om data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem. Du vil òg få fordjupa deg i eitt emne i faget prosjekt til fordjuping. Undervisninga på vg1 er ein kombinasjon mellom teori og praktiske øvingar.

Ver klar over følgjande før du set elektro opp som førsteval

Du bør ha eit visst anlegg for og interesse for matematikk og fysikk. Framfor alt krev det at du er villig til å prioritere å arbeide litt med skulefaga i fritida.

Andre skuleåret

Vg2 elenergi og ekom

Dette faget byggjer på vg1 elektro og datateknologi, og dannar grunnlaget for å ta fagbrev som elektrikar, heismontør, energimontør, telekommunikasjonsmontør etc. 

Dei fleste av elevane som er uteksaminerte frå vg2 elenergi og ekom på Os vidaregåande skule, har dei siste åra fått læreplass i anten installasjonsbedrift, industri eller ved eit kraftverk.

Vi legg vekt på at du både skal få teoretisk kunnskap om faget, men også tilegne deg ferdigheiter innafor installasjonsfaget, energimontørfaget og togelektriker. Ver klar over at studiet er arbeidskrevjande. Etter endt vg2  må du arbeide som lærling i to år før du kan gå opp til fagprøve.

Opptakskrav: vg1 elektrofag

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du finn ei oversikt over godkjende lærebedriftar, opplæringskontor og medlemsbedrifter på vibli.no.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.