Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Bilete av ein elev på utplassering i ein dyrebutikk.

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje sal, service og reiseliv?

Vg1 sal, service og reiseliv er ei trygg og allsidig utdanning som opnar for fleire spanande karrieremoglegheiter. Det gir deg ein smakebit på fire forskjellige yrker der kommunikasjon står i høgsetet. Vg1 sal, service og reiseliv gjer deg moglegheit til å gå viare på vg2 sal og reiseliv, og vg2 service sikkerheit og administrasjon.

Vi tilbyr:

  • Vg1 sal, service og reiseliv: to klassar med 15 elevar i kvar klasse.
  • Vg2 sal og reiseliv: ein klasse med 15 elevar.

Søk skuleplass på vigo.no

 

 

Første skuleåret

Vg1 Sal, service og reiseliv

Vg1 sal, service og reiseliv gjer deg eit godt utgangspunkt for å jobbe i fleire yrke der kommunikasjon og kundebehandling er viktig. Du vil få kunnskap og kompetanse som du treng for å lukkast i ein internasjonal bransje som stadg er i endring. Det er viktig at du utviklar evna til å kommunisere med menneske med ulike språk og frå ulike kulturar.

På sal, service og reiseliv tenkjer vi ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt. Difor tilbyd vi kvart år arbeidspraksis i Spania til fleire av elevane våre.

Andre skuleåret

Vg2 Sal og reiseliv

På sal og reiseliv har vi eit tett samarbeid med meir enn 30 lokale og regionale bedrifter, inkludert hotell, reisebyrå og reiselivsbedrifter. Vi har òg​ eit tett samarbeid med store bedrifter innen daglegvare, klede og elektronikk. Du har gode sjansar til å sikre deg både praksis  og læreplass i løpet av kort tid. Gjennom erfaring frå ein eller fleire arbeidsplassar gjennom heile året, sikrar du deg gode moglegheiter til framtidig jobb i bedriftene.

Du vel sjøl kor du ønskjer å få arbeidserfaringa di. I løpet av året vil du jobbe individuelt med oppgåver, gruppearbeid eller i spennande team. Skulen satsar òg​ på Ungdomsbedrift (UB). Dette er ein arena der du og medelavane dine får utvikle ein idé, undersøkje marknaden og til og med selje produktet med forteneste.

Opptakskrav: vg1 sal, service og reiseliv

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du finn ei oversikt over godkjende lærebedriftar, opplæringskontor og medlemsbedrifter på vibli.no.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.