Her får du ein oversikt over korleis du kommer i gang med skulekontoen din, og kobler deg til internett på skulen.
Datahjelpen - Startguide for bruk av IT på skule (PDF)
Datamaskin med Windows 10 eller Windows 11:
Dersom du har ein Windows 11 maskin, kan det være litt problematisk å logge på skulekontoen på ulike tenestar som for eksempel Microsoft Office, OneDrive og itslearning. Dette er ei oppskrift som vil hjelpe deg på veg.
Du skal ikkje nytte skulekontoen din for å logge på datamaskinen din. Denne kontoen skal kun brukast til skytenester som itslearning, Microsoft Office, OneDrive osv. Bruk ein privat Microsoft konto, eller opprett ein lokal konto på datamaskinen.
Korleis opprette lokal PC konto:
Klikk «Påloggingsalternativer» og «Domenekobling i stedet». (Windows 10: Domenekobling i stedet» finn du nedst til venstre) Då blir du spurt om å opprette brukarnamn og passord. Dette gjeld kun den lokale datamaskinen. Du kan bruke kva som helst brukarnamn, men me anbefaler at du nyttar eit sterkt passord så ingen får tilgang til PCen din.
Itslearning og andre skykontoar:
Me anbefaler at du nyttar ein eigen nettlesarprofil for skulebruk. Det gjer det enklare for deg å skille mellom private kontoar og skulekontoen din. Under finn du oppskrift om korleis du gjer dette med Google Chrome.
Opprette nettlesarprofil for skulebruk (Google Chrome)
- Last ned og installer Google Chrome ved å gå til https://chrome.google.com
- Klikk på profilbiletet oppe i høgre hjørne. Om du allereie er pålogga med ein privat konto, kan du opprette ein ny profil ved å klikke «Legg til» nedst.
- Logg på med skulekontoen din. Denne startar alltid på e- og sluttar på @iskule.no. Eksempel: e-brukar@iskule.no
- Klikk gjennom sidene som kjem frå Google om godkjenning og slikt. Etter det skal den nye profilen være klar for bruk. Du kan no enkelt veksle mellom skulekonto og andre kontoar i Chrome ved å klikke på profilbiletet oppe i høgre hjørne.
Microsoft Teams:
Microsoft Teams kjem innebygd i Windows 11 og i enkelte versjonar av Windows 10. Problemet er at dette er versjonen for privat bruk. Du må laste ned jobb/skuleversjonen:
- Gå til https://teams.microsoft.com med skuleprofilen i nettlesaren din
- Klikk på dei tre dottane ved sida av profilbiletet ditt
- Last ned skrivebordsprogrammet
Microsoft Office:
- Gå til https://portal.office.com/ med skuleprofilen i nettlesaren din
- Klikk «Installer Office» og kjør installasjonen som blir lasta ned.
- Etter installasjonen loggar du på med skulekontoen din i eit av Office programma.
Microsoft OneDrive:
- Klikk på OneDrive (skya) nede i høgre hjørne
- Klikk tannhjulet -> Innstillinger
- Klikk «Legg til en konto» under Konto -fana og logg på med skulekontoen din.