Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram.
Målet med innføringskurset er at det skal vere lettare å starte på vg1 etterpå.
Dei faga du vil ha i innføringsklassen er:
- norsk
- engelsk
- matematikk
- samfunnsfag
- kroppsøving
På Os gymnas har vi 1 innføringsklasse skuleåret 2025–2026.
Kven kan søke?
- Du kan søke frå det året du fyller 16 år
- Du må ha fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande i heimlandet, og kunne dokumentere det
- Du må ha lovleg opphald i Noreg
Her kan du lese meir om opplæring for minoritetsspråklege elevar i Vestland
Informasjon om Innføringskurs for minoritetsspråklege elevar
Søknadsfristen for minoritetsspråklege elevar er 1. februar, og søknaden registrerer du på vigo.no.
Vestland fylkeskommune har også eit kontinuerleg opptak gjennom skuleåret dersom det er ledige skuleplassar. Då må du fylle ut skjemaet "Søknad til ledige plassar i perioden januar til juni 2026" på nettsida til Vestland fylkeskommune.
