Hopp til hovedinnhold

Landslinje

Bilete av lastebil, truck og dumper.

Dette er eit utdanningstilbod som elevar i vidaregåande opplæring kan søkje. Du kan søkje, uansett kvar i landet du bur.

Os vidaregåande skule tilbyr landslinjer i tre utdanningsprogram. Det betyr at elevar frå heile landet kan søkje skuleplass hos oss på desse linjene. Du søkjer som vanleg via vigo.no.

Bilete av dumpere

Vg2 anleggsteknikk - landslinje

Vil du vere med å bygge vegar, tunneler og infrastruktur som samfunnet er avhengig av? Hos oss får du praktisk opplæring med moderne maskiner og verktøy. Du lærer å planlegge og utføre anleggsarbeid, drifte og vedlikehalde veg og bane, og ta vare på helse, miljø og sikkerheit.

Bilete av nokon som arbeider i motoren på ei anleggsmaskin

Vg3 anleggsmaskinmekanikar - landslinje

Vil du jobbe med avanserte maskiner og sørge for at dei fungerer optimalt? Hos oss får du praktisk opplæring i feilsøking, reparasjon og vedlikehald av motorar, girkassar og hydrauliske system. Du lærer å bruke moderne verktøy og digitale system, og får kompetanse som er etterspurt i bygg- og anleggsbransjen over heile landet.

Bilete av lastebil med kran

Vg3 yrkessjåfør - landslinje

Os vidaregåande skule tilbyr ei 19 vekers yrkessjåførutdanning med oppstart i august og januar kvart år. Undervisning og køyretimar er inkludert i kurset. Deltakarane må sjølve dekkje læremiddel, avgifter til Statens vegvesen og arbeidsklede. Studiet gir rett til stipend og lån frå Lånekassen.