Hopp til hovedinnhold

Vg3 Anleggsmaskinmekanikar – lær å meistre maskiner som byggjer framtida

Bilete av nokon som skrur på ein dumper

Vil du jobbe med avanserte maskiner og sørge for at dei fungerer optimalt? Hos oss får du praktisk opplæring i feilsøking, reparasjon og vedlikehald av motorar, girkassar og hydrauliske system. Du lærer å bruke moderne verktøy og digitale system, og får kompetanse som er etterspurt i bygg- og anleggsbransjen over heile landet.

Programfaga

  • Feilsøking og reparasjon – Diagnose og utbetring av motorar, girkassar, hydraulikk og elektroniske system.
  • Vedlikehald og service – Planlegging og gjennomføring av servicearbeid for å sikre driftssikkerheit og levetid.
  • Dokumentasjon og HMS – Bruk av digitale verktøy, kvalitetssikring og fokus på helse, miljø og sikkerheit.

Dette kan du bli etter vg3

Anleggsmaskinmekanikar - Fagbrev som gjev jobb hos maskinforhandlarar, entreprenørar og verkstader.

Vidare Utdanning

  • Fagskule innan tekniske fag
  • Mesterbrev for leiande stillingar eller eigen bedrift
  • Påbygg til generell studiekompetanse for høgare utdanning

Kva er ei landslinje?

Vg3 Anleggsmaskinmekanikar er ei landslinje. Det betyr at tilbodet er nasjonalt, og elevar frå heile landet kan søkje. Landslinjer blir oppretta for fag med særleg behov for kompetanse, og gir ekstra statleg tilskot for å sikre moderne utstyr og høg kvalitet på opplæringa.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med avdelingsleiar.

Lasse Svellingen

avdeligsleiar for landslinjene vg2 anleggsteknikk og vg3 anleggsmaskinmekanikar
17414.jpg