Landslinje for yrkessjåfør
Os vidaregåande skule tilbyr 19 vekers opplæring med kursstart i august og januar kvart år. Undervisning og køyretimar er inkludert. Læremiddel, avgifter til Statens vegvesen og arbeidsklede må kvar deltakar dekkje sjølv. Studiet gir rett til stipend og lån frå Lånekassen. Du som vel yrkessjåførfaget ved Os vidaregåande skule får òg undervisning i samsvar med yrkessjåførforskrifta (YSK), som krevst for å ha rett til å utføre person- eller godstransport mot vederlag.
Søknadsskjema og fristar
Det skal søkjast elektronisk. Søknadsfristen er 1. juni for haustkurset og 15. november for kurset som startar i januar. Søknadsskjema er lenka til eit eksternt skjema. Du må logge deg på skjemaet med eitt av alternativa under:
- MinID - App eller eingongskode
- BankID - Bruk BankID-app eller kodebrikke
- Buypass - Bruk Buypass ID på smartkort, mobil eller nøkkel
- Commfides - med smartkort
Søknadsskjema for opptak til vg3 yrkessjåføropplæring
Når får du svar?
Alle søkjarar vil få søknadene sine behandla etter søknadsfristen er gått ut. Skulen tek kontakt på digital postkasse.
Inntakskriterium for søkjarar:
- Søkjarar med mål om sluttkompetanse i yrkessjåførfaget (lærlingar).
- Søkjarar over 21 år som har førarkort C–CE–D som mål (vaksne utan lærekontrakt).
Rangering av søkjarar med mål om sluttkompetanse i yrkessjåførfaget (lærlingar)
- Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, blir søkjarane rangerte etter karakterar.
- Søkjarar frå heile landet stiller likt. Kvar søkjar er folkeregistrert har ingen betydning for rekkjefølgja ved inntak til landslinjer.
- Søkjarar med Vg2 transport og logistikk går føre dei som ikkje har dette Vg2 tilbodet.
- Søkjarar med Vg2 går føre dei som ikkje har Vg2.
- Finnmark godkjenner ikkje lærekontraktar med kandidatar som ikkje har bestått fellesfag frå Vg1.
Søkjar må laste opp følgjande dokumentasjon i søknadsportalen:
- Lærekontrakt eller intensjonsavtale om lærekontrakt
- Karakterutskrift som viser alle gjennomførte fag i vidaregåande skule
- Kopi av førarkort klasse B
Legeattest for førarkort kl. CEDE skal leverast ved kursstart. På grunn av fastlegeordninga blir du beden om å ordne dette på heimstaden din. Attesten må ikkje vere eldre enn tre månader når ho blir levert til Statens vegvesen.
Rangering av søkjarar med førarkort C–CE–D som mål (vaksne)
Ved rangering skal søkjarar frå heile landet stillast likt. Dersom det er fleire søkjarar enn plassar, blir dei rangerte etter:
- Eldre søkjarar går føre yngre.
- Søkjarar med vitnemål/kompetansebevis frå Vg1 teknologi- og industrifag i LK20, eller tilsvarande frå eitt av Vg1 tilboda som gav inntak til Vg2 transport og logistikk i LK06, og eitt av grunnkursa som gav inntak til VK1 transportfag i R94, går føre dei som ikkje har dette.
Søkjar må laste opp følgjande dokumentasjon i søknadsportalen:
- Vitnemål og kompetansebevis for all tidlegare fullført utdanning
- Kopi av førarkort og andre sertifikat
- Kopi av resultat frå offisiell norskprøve (gjeld berre for søkjarar med anna morsmål enn norsk/samisk)
Har du spørsmål?
Ta kontakt med avdelingsleiar
Pernille Toresdatter
avdelingsleiar for transport og logistikk, og vg3 yrkessjåfør - landslinje
