Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Tilrettelagt opplæring
Bruk piltastene til å bla i bildene
Kvifor velje Os Vidaregåande skule?
Os vidaregåande skule har utvikla fleire gode tilrettelagte opplegg, og har høy kompetanse i opplæringa av dei ulike tilrettelagte klassane. Tilrettelagt avdeling tilbyr opplæring på to ulike nivå:
- Arbeidstrening
- Kvardagslivstrening
Tilboda er knytt opp mot desse utdanningsprogramma:
- Bygg og anleggsteknikk
- Service og samferdsel
Vi tilbyr:
Os vidaregåande skule gir opplæring i tilrettelagte grupper. Opplæringa blir organisert gjennom individuell opplæringsplan (IOP) for den einskilde elev. I gruppe for arbeidstrening er utdanningstilboda praktisk og arbeidsretta, og vi legg vekt på å utvikle yrkesfagleg kompetanse slik at eleven er førebudd på eit varig tilrettelagt arbeid etter vidaregåande skule.
- Os vgs legg til rette for at elevane skal utvide sitt sosiale nettverk og utvikle sin sosial handlingskompetanse.
- I gruppe for kvardagslivstrening har Os vgs fokus på at elevane skal få grunnleggande kunnskap og trening i kvardagslivsaktivitetar.
- Elevane får tett oppfølging av kompetente lærarar og miljøarbeidarar.
- Os vgs samarbeider med ei rekke lokale bedrifter og verksemder, og arbeidspraksis i verna bedrift eller tilrettelagt arbeidsplass blir vurdert etter behov og nytte.
- I alle klassane med redusert elevtal legger Os vgs vekt på kvardagslivstrening, sosial trening og oppøving mot større sjølvstende.
