Hopp til hovedinnhold

Fylkesmeisterskapen, uttak til skule NM – anleggsførar.

Gravemaskinar i aksjon - fylkesmeisterskapen 2023

Årets fylkesmeisterskap fann stad i øvingsfeltet til Os vgs, fredag 17. februar 2023. Vêret viste seg ikkje akkurat frå si beste side, men stemninga var elles på topp.

Fylkesmeisterskapen er ei førebuing til skule-NM, som arrangeres i fleire yrkesfag. Dette er for å heve kvaliteten og interessen for norsk yrkesutdanning, og for å få fleire søkjarar til yrkesfagleg utdanning.

I fylkesmeisterskapen får elevane ei individuell oppgåve som består av ein planleggingsdel og ein gjennomføringsdel. Utgangspunktet er ein heilskapleg yrkesoppgåve basert på kompetansemål frå læreplanen for vg2 anleggsteknikk.

Alle elevane viste ein solid innsats og gjorde ein god jobb. Dette lovar godt for framtidige anleggsmaskinførarar. Mens elevane venta på resultatet vart det diska opp med brus og nydeleg varmmat frå kantina.

Vinnar av fylkesmeisterskapen 2023 vart Fredrik Sandmoe Lyssand, 2ANLD. Andreplassen gjekk til Birk Ravn Mugås, 2ANLC, og Sindre Lagagård Eide, 2ANLB, kapra tredjeplassen. På delt fjerdeplass kom Dorotea Kaldnes Skjervheim, 2ANLA, Magnus Skoglund Meling, 2ANLA, Christoffer Weiby, 2ANLB, Nikolai Edmonds, 2ANLC og Vegard Tollefsen Vågen, 2ANLD.

Os vgs gratulerar så mykje og er stolte av elevane sin innsats. Skulen ynskjer òg Fredrik lykke til i finalen. Den vert avhalde ved Ole Vig vgs i Stjørdal i Trøndelag 27-29. mars.