Hopp til hovedinnhold

NM gull til Fredrik

Bilete av elevane som kapra pallplassane

I år som i fjor var det ein elev frå Os vgs som gjekk av med sigeren i skule NM for anleggsmaskinførarar. Fredrik Sandmoe Lyssand gjorde ein formidabel innsats i finalen i Stjørdal.

Åtte elevar konkurrerte, og dei måtte gjennom både teoridel og praksisdel. Fredrik skåra full pott på teoridelen, og var presis og raskast på den praktiske delen kor elevane skulle plassere ein kum. Her hadde elevane 75 minutt på seg, og det vart lagt vekt på både HMS, tidsbruk og centimeterpresisjon. Fredrik fullførte på 62 minutt, dei andre brukte heile tida, mens tre stykk ikkje greidde oppgåva innan tidsfristen. Fredrik var òg den einaste som sikra kummen med stroppar på transportetappen.

Os vgs gratulerar så mykje og er stolt av innsatsen til Fredrik.