Hopp til hovedinnhold

Nytt utdanningstilbod på Os vgs

Bilete av elevar som arbeider med undervisningsdukke.

Os vidaregåande skule har fått eit nytt utdanningstilbod, helse- og oppvekstfag- studieførebuande. Studietilbodet har vore etterspurt i Bjørnafjorden kommune i mange år, difor er me svært glade for å kunne tilby utdanningsløpet allereie i frå hausten, skuleåret 2024/25.

Helse- og oppvekstfag - studieførebuande

Etter tre år på Os vgs på Helse og oppvekst- studieførebuande står du att med vitnemål med generell studiekompetanse.

Programfaga er dei same som du ville fått på ordinær helse og oppvekst vg1 og Helsefagarbeidar vg2. Fellesfaga er samanfallande med yrkesfag vg1 og vg2 og påbygg vg3. Du vil få arbeidspraksis som del av utdanninga di.

Ved å følge dette nye løpet kontra 2+1 år ordinært, blir programfag og fellesfag fordelt jamt over dei tre åra. Om du ynskjer det, vil det være mogleg å ta realfag som nettundervising i deler av opplæringa (vg2/vg3).
Med denne utdanninga kan du søkje alle utdanningar som krev generell studiekompetanse.

Gjennom utdanninga fordjupar du deg innan helsefaga, som vil gje deg ein solid grunnmur for å ta studium som til dømes sjukepleiar, audiolog, ergoterapi, folkehelsearbeid, fysioterapi, optometri, paramedisin, radiografi, tannpleiar, tannteknikar, vernepleie, musikk og helse, psykologi, idrett med fordjuping i helse og treningsfysiologi, krisehandtering, informasjonssystem, samfunnsretta ernæring og kognitiv vitskap.

Andre døme på studium som er aktuelle innanfor helsesektoren er økonomi og administrasjon, rettsvitskap, organisasjon og leiing, serviceleiing og marknadsføring, berekraftsøkonomi, økonomi og jus, politikk og forvaltning, rettsvitskap og meir.

Vil du høyre meir om utdanningstilbodet, er hospiteringsdagen den 18. januar ein fin moglegheit for det. Velkomen!

Har du spørsmål?

Ta kontakt med avdelingsleiar eller rådgjevar.

Camilla Rabe Nesheim

avdelingsleiar for helse- og oppvekstfag og tilrettelagt opplæring
Camilla Rabe Nesheim.jpg

Janne de Faye Walden

Rådgjevar
Bilete av rådgjevar Janne Walden