Hopp til hovedinnhold

Til toppen i juniorklassa i kjetting-NM

I klasserommet til 2TOLA i finn vi Mats Skrede Tesdal, som i helga gjekk heilt til topps i juniorklassen i kjetting-NM. Vi gratulerer så mykje!

Mats var ein av tre elevar som var kvalifisert gjennom fylkesarrangement. I haust imponerte han stort på heimebane her på Os vgs, og det viste seg at han hadde endå eit gir å gå på under finalen i Lillestrøm under Oslo Motorshow 2022.

På spørsmål om korleis han blei så god til å legge på kjetting, fortel Mats at han har øvd litt her på skulen. Han merka fort at dette var noko han var god på, og valde difor å melde seg på konkurransen lokalt. Det er vi glade for at han gjorde!

«Det var gøy med masse publikum, kjekt å visa frem kva eg kunne!», seier Mats. Først vart det avhalde tre kvalifiseringsrundar, før det var klart for finale. Med en vinnartid på 22,98 sekund, er det liten tvil om at Mats har ferdigheitene i orden. Og om det var nokon tvil, vart den feid bort då han etter konkurransen kom tilbake og prøvde igjen. Det enda med ny personleg rekord på 19,99 sekund!

Dette er noko som kjem til å kome godt med neste skuleår. Då skal Mats gå Vg3 Yrkessjåfør, før han skal ut i lære hos Bergen Bilhjelp AS. «Bilberging er noko eg er født og oppvaksen med, eg har alltid visst at eg ville jobbe med det», seier Mats og sikter til at far hans også jobbar med det. «Helt sidan eg var liten har eg brukt å være med pappa ut på oppdrag, både tidleg, seint og i helgane».

NM i kjetting for juniorar ble arrangert av NLF og Opplæringskontoret for Service og Samferdsel under motorshowet. I tillegg til junior-NM, sto drifting, utstilling av over 1000 køyretøy og generell motorentusiasme på menyen. Mats er strålande fornøgd med arrangementet, og kan nå sjå frem til NM i kjetting i februar, der yrkesutøvarar og lærlingar deltek. Enn så lenge som publikum, men neste gang er det kanskje som deltakar?

Imponerande innsats!