Hopp til hovedinnhold

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen berbar PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Bestill PC når du har fått bekrefta skuleplass, slik at du har han til skulestart!

Informasjon om elev-PC for skuleåret 2026/2027

Datamaskina er eit nødvendig verktøy for deg så lenge du er elev ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune (VLFK). Du vil bruke maskina både i undervisninga og til andre gjeremål. Du har sjølv ansvar for å stille med berbar datamaskin til skulestart.

Du kan velje:

  • å bruke eiga maskin eller kjøpe i butikk
  • kjøpe subsidiert elev-PC gjennom leverandøren til Vestland fylkeskommune

Informasjon om bestilling av elev-PC gjennom Vestland fylkeskommune

Elevar i vidaregåande skule kan bestille PC frå og med 7. juli 2026.

Dersom du skal vere sikker på å få maskina til skulestart må du bestille før 2. august 2026. 

Kva maskin skal du velje?

Os vidaregåande skule anbefaler alle elevar å bruke PC med Windows når dei byrjar på Os vgs. Dei fleste programma i yrkesfagopplæringa fungerer best opp mot PC med Windows. Andre data- og programsystem kan skape vanskar for den einskilde elev i opplæringa grunna manglande kompabilitet.
 
For dei fleste elevane vil standardmodellen (Dell Pro 14) vere god nok. Standardmodellen er ei maskin som i prinsippet er kostnadsfri for elevane. Denne maskina er subsidiert av fylkeskommunen, slik at utstyrsstipendet frå Lånekassen dekker det du som elev skal betale.
 

Teknologi- og industrifag

For elevar som skal gå teknologi- og industrifag anbefaler vi å kjøpe ein PC med høgare yting. Du kan bestille den kraftigaste PC-en gjennom Vlfk si avtale (Dell Pro Max 16), eller ein PC som er tilsvarande eller betre. Krava til PC-en er følgjande:
  • GFX: Nvidia RTX PRO 500 Blackwell 6GB GDDR7

 

Programvare, brukar og systemtilgang

Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får tilgang til Microsoft Office 365, Google Workspace og andre program som du treng i undervisninga så lenge maskina di bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem. Skulen vil gi deg informasjon om korleis du lastar ned programvara. Maskina må oppdaterast jamleg.

Brukarnamn og passord blir sendt på SMS rett før skulestart. Vi bruker mobilnummeret du registrerte då du søkte skuleplass.