Hopp til hovedinnhold

Parkering

Vi oppmodar alle om å bruke kollektivtransport, gå, sykle eller samkøyre til skulen. Vi har eit avgrensa tal parkeringsplassar på skulen.

Skulen har følgjande reglar for parkering ved skulen:

Bildet viser parkeringsplassen utanfor A-blokka

Parkering ved Kolskogheiane

Ved Kolskogheiane skal elevar berre nytte elevparkeringa på skulen sitt område. Elevparkeringa er oppmerka og skilta, og ligg ved innkøyringa til skulen. 

Bildet viser innkøyring til parkeringsplassen ved Gymnasvegen 85

Parkering ved Gymnasvegen

Skulen har avtale med parkeringsselskapet Aimo Park, for kontroll på parkeringsområdet i Gymnasvegen. Parkeringsreglane gjeld på kvardagar mellom kl. 08.00 og 16.00. Det er sett av nokre parkeringsplassar til elevar. Desse kan bestillast gjennom Aimo Park-appen.