Vi oppmodar alle om å bruke kollektivtransport, gå, sykle eller samkøyre til skulen. Vi har eit avgrensa tal parkeringsplassar på skulen.
Parkering ved avdeling Gymnasvegen
Os vidaregåande skule har frå august 2026 avtale med parkeringsselskapet Aimo Park, for kontroll på parkeringsområdet i Gymnasvegen.
Området er reservert for køyretøy med gyldig, elektronisk registrert kjennemerke. Alle køyretøy må stå parkert innanfor merkte parkeringsfelt.
Parkeringsreglane gjeld på kvardagar mellom kl. 08.00 og 16.00.
For elevar
Det er sett av 15 parkeringsplassar for elevar. Desse kan bestillast i Aimo Park-appen med ei parkeringstid på inntil 10 timar. Vi tilrår at du bestiller parkering om morgonen, slik at du veit om du har fått plass før du køyrer heimafrå.
Moped og motorsykkel med to hjul kan parkere innanfor det merkte feltet framfor gymsalen utan å registrere seg i appen. Alle andre køyretøy må registrere gyldig parkering i Aimo-park appen. Mopedbilar skal så langt det er mogleg parkerast på den nedre parkeringsplassen aust for skulen.
For tilsette
Tilsette som er registrert med avtale i Aimo Park, kan parkere på parkeringsområdet. Tilsette har sjølv ansvar for at det til kvar tid er rett køyretøy som registrert i avtalen.
For gjester
Besøkande som treng parkeringsplass, må vende seg til administrasjonskontoret for å registrere bilen.
For forflytningshemma
Skulen har reservert ein plass utanfor hovudinngangen.
Ladeplassar
Dei to ladeplassane skal berre nyttast av elbilar som:
- har gyldig parkeringsavtale
- er kopla til lading
- ladeplassane er reserverte for tilsette ved skulen.
