Vi oppmodar alle om å bruke kollektivtransport, gå, sykle eller samkøyre til skulen. Vi har eit avgrensa tal parkeringsplassar på skulen.
Parkering ved avdeling Kolskogheiane
Alle må følgje anvisningar og skilting ved skulen. Parkering utanfor oppmerka og skilta område, er ikkje lovleg. Reglane gjeld ved alle skulen sine bygg.
For elevar
Elevar skal berre nytte elevparkeringa på skulen sitt område i Kolskogheiane. Elevparkeringa er oppmerka og skilta, og ligg ved innkøyringa til skulen.
Det er ikkje tillate for foreldre eller elevar å køyre inn til hovudbygget for å setje av eller hente elevar. Dette er av omsyn til trafikksikkerheita, då området også blir brukt av tunge køyretøy og skuleskyss.
Elevar skal ikkje køyre på skulen sitt område. Motorisert køyretøy skal stå parkert på anviste parkeringsplassar i skuletida. Reglar gjeld alle type motoriserte køyretøy, inkludert ATV, moped, lettsykkel og bil. Unntak er køyring etter lærars instruks (opplæringsaktivitetar) og til/frå elevparkeringa.
