Viss du lurer på noko, må du gjerne ta kontakt med oss via kontaktinformasjonen under.
Kontakt oss
Telefon: 56 56 56 00 – frå kl. 08.00 til kl. 15.00.
E-post: post.osv@vlfk.no
Hovudadministrasjonen finn du i A-blokka i 2. etasje, ved avdeling Kolskogheiane 14.
Resepsjonen er open mellom kl. 08.00 og kl. 15.30.
Kvar finn du oss?
Os vidaregåande skule har frå 1. august 2026 to lokasjonar:
Avdeling Kolskogheiane
Adresse: Kolskogheiane 14, 5210 Os
Denne delen av skulen ligg på industriområdet ved Ulven. Her har vi utdanningsprogram for yrkesfag og tilrettelagt opplæring.
For å kome til oss kan du ta bussane 601, 602, 603 og 607 til busstoppet Os vidaregåande skule. Dersom du kjem frå Bergen eller Halhjem, kan du ta 600-bussen og gå av ved Tøsdalsskiftet. Det same gjer du dersom du kjem med 610-bussen frå Nesttun.
På biletet under ser du kor dei ulike blokkane ligg i forhold til kvarandre.
Informasjon om parkering ved avdeling Kolskogheiane

Avdeling Gymnasvegen
Adresse: Gymnasvegen 85, 5200 Os
Denne delen av skulen var tidlegare Os gymnas. Avdelinga blir også kalla for G-bygget.
Her har vi utdanningsprogram for studiespesialisering, helse- og oppvekstfag – studieførebuande og påbygging til generell studiekompetanse.
For å kome til oss kan du ta alle bussane som går til Osøyro. Næraste busstopp til skulen heiter Flåten Sør.
Informasjon om reglar for parkering ved Gymnasvegen

